Nye bøker

Dei døde

Dei døde

Joyce, James

ISBN
9788279592556
Innbinding
Fleksibind
Type
Romaner
Forlag
Skald

James Joyces «Dei døde» (1914) blir sett på som ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga Dubliners inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer.
Joyce ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og det samfunnet dei levde i, og samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett, seksualitet og generell dårskap. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag.
Dette er første gong at ein tekst av James Joyce har blitt gitt ut på nynorsk.