Nye bøker

Kunstforum. Nr. 3 2017 : darkness

Kunstforum. Nr. 3 2017 : darkness

ISBN
9788293097433
Innbinding
Heftet
Type
Tidsskrifter
Forlag
Kunstforum

For å sitere Game of Thrones: Winter is coming, og vi har kome til nummeret om mørker. Når ein ser på nyheitsbiletet i dag, er det sanneleg nærliggande å miste vona og gi etter for eit apokalyptisk svartsyn. Men som kongane av Ergaland-Vargaland er inne på i denne blekka, speglar mikrokosmos makrokosmos - as above, so below osv. Og vi som ikkje jobbar i storpolitikken kan trass alt freiste å gjere vårt mikrokosmos til ein betre stad, t.d. ved å justere ideen om polaritet vi i vesten gjerne blir indoktrinert med. Når vi ser det vi sjølv ikkje vil bli sett som, har vi ofte ein tendens til å legge dei ideologiske beina på nakken, beine langt til sides, hive oss på barrikadane og kaste metaforisk ekskrement mot den andre sida som dei store apane vi er.

- fra Rasmus Hungnes' leder.