Nye bøker

Nordaustpassasjen

Nordaustpassasjen

ISBN
9788242181718
Innbinding
Audio
Type
Romaner lydbøker
Forlag
Lydbokforlaget

Spania under borgarkrigen. Demokratiet er på vikande front. I siste liten blir to smågutar evakuerte frå den tapande sida. Ein av dei hamnar i Sovjetsamveldet, den andre i Mexico. Same utgangspunkt, to ulike livsløp. Det eine fører gjennom Russland til Sibir og ned Jenisej til Norilsk ved kanten av Ishavet. Det andre inn mellom Mexicos snøkledde vulkanar. Kvar er dei i dag, to mannsaldrar seinare? Kven er forteljaren, og kva veit han om samfunnet vi vaknar til i morgon? Nordaustpassasjen er ein roman om livsvegar, sjøvegar og utvegar gjennom nye farvatn, når isen smeltar og det ideologiske klimaet skifter. Og er det fabeldyr frå fortida vi skal sjå for oss når vi høyrer hovtramp over sletta?