Nye bøker

Livreddaren : Bind 1

Livreddaren : Bind 1

ISBN
9788269154405
Innbinding
Innbundet
Type
Kunst og kultur, diverse
Forlag
Mevatne AS

«Slå fylje med meg og gjenoppdag menneska, plantene, tisteletande kvardagsheltar, eventyrlege gardsbruk og eit rikt og vakkert utmarksbeite, med alle dei orkideane og vekstane som trives der. Kjenn lukta av tang og tare i sjøkanten, og ver med opp i høgfjellet der snøen aldri smeltar. Velkomen inn i riket til dei gamle norske sauerasane; gamalnorsk spelsau og villsauen.»
Slik opnar fotograf Nils Olav Mevatne si bok «Livreddaren». Ei bok som fylgje åtte sauebønder og deira liv og kvardag med den gamle norske sauerasen. Enten det er den gamalnorske spelsauen eller villsauen. Dette er ei flott og fargerik bok om sauer, fjellheim, bøndene som gjetar dei og bryr seg om dei. Om fortid og framtid og her og no. Boka er rik på fotografi, levande tekstar og teikningar. Boka er like kortreist som sauene, og trykka og bunden saman i Norge. Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Vestenfjelske Bykreditts Stiftelse, Hordaland Fylkeskommune, og Fylkesmannen i Hordaland.