Nye bøker

Skare

Skare

ISBN
9788282883580
Innbinding
Innbundet
Type
Lyrikk, norsk og oversatt
Forlag
Flamme

Nominert til Tarjei Vesaas' Debutantpris 2019

Augo dine er fanga fuglar.

Du lever i fluktplanar,
men stoler ikkje på
at dei vil kunne bera deg.

Enn så lenge blir du her
i stilla hjå meg.


Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, bur seg på å leva i lag.