
Norsk ordbok : nynorsk
Karlsen, Helene Urdland
- ISBN
- 9788202615321
- Innbinding
- Fleksibind
- Type
- Norsk / nordiske ordbøker
- Forlag
- Cappelen Damm
Norsk ordbok - nynorsk inneheld det sentrale ordtilfanget i moderne nynorsk. Ordboka er laga spesielt for elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Cappelen Damms Norsk ordbok - nynorsk er den nyaste og mest oppdaterte ordboka i sitt slag.
Ordboka tar utgangspunkt i moderne norsk og er grundig gjennomarbeidd med tanke på lesbarheit, eit aktuelt ordtilfang og brukaranes behov for ei påliteleg og praktisk ordbok.
Fakta om Norsk ordbok - nynorsk:
- lesarvennleg oppsett og design
- strengt alfabetisk struktur og alfabetstripe i høgre yttermarg
- meir enn 23 000 oppslagsord over 31 000 brukseksempel og 3500 faste uttrykk
- dei 2500 vanlegaste orda er markerte med ein nøkkel i margen eitt bøyingsmønster med fulle ordformer til kvart oppslagsord
- enkle og pedagogiske definisjonar på alle oppslag
- nyttige fagkodar og stilmarkørar
- rammer med språkinformasjon på alfabetisk plass
- enkel brukarrettleiing
- minigrammatikk
- språkreglar og skriveråd
- noregskart
- følgjer rettskrivinga frå 2012
- solid og oppslagsvennleg innbinding i fleksibind